Sykkeltur med meining ❤️ - Vil du bidra og støtte min innsamlingsaksjon for kreftsaken

Støtt Støtt med Vipps
Opprettet av:
Heidi Renate Røssland
Innsamling for:
Støtt Kreftforeningens arbeid

Sykkeltur med meining ❤️ - Vil du bidra og støtte min innsamlingsaksjon for kreftsaken

I år har eg gitt meg sjølv ei heilt spesiell utfordring.

Eg skal sykle Bergen-Voss – og målet mitt er å klare det på under 7 timar, 3 minutt og 50 sekund. Men dette handlar om mykje meir enn tid og resultat.

8. juli 2010 mista eg sambuaren min, Geir Atle, etter seks månadar med sjukdom. Han døydde av glioblastom (WHO grad 4) – ein svært aggressiv form for hjernekreft.

Året før, 6. juni 2009, sykla han Bergen–Voss på nøyaktig 07.03.50.

No, på same alder og med (nesten) same løype framfor meg, ønskjer eg å sykle for han – og samtidig samle inn pengar til kreftforsking, med spesielt fokus på forsking på hjernekreft/glioblastom.

Glioblastom er framleis ei av dei kreftformene vi veit altfor lite om. Overlevinga er låg, behandlinga er krevjande, og forskarane jobbar framleis for å finne betre løysingar. Nettopp derfor betyr forsking så mykje.

Kvar krone betyr noko.🌟

Dette er for Geir Atle.❤️

Og for alle som kjempar – eller har kjempa – mot hjernekreft.❤️

Støtt Støtt med Vipps
12 150 kr
40%
10 Dager igjen

Heidi Renate Røssland støttet 500 kr

Nylig aktivitet

  • Tove Tove støttet 300 kr

    ❤️❤️❤️

  • Morten Nordal Morten Nordal støttet 5 000 kr

  • Asbjørn Røssland Asbjørn Røssland støttet 300 kr

    God tur

  • Elin Kalvenes Elin Kalvenes støttet 100 kr

  • Anonym Anonym støttet 500 kr

  • Målfrid Johanne Aase Målfrid Johanne Aase støttet 200 kr

  • Kystarbeid AS Kystarbeid AS støttet 5 000 kr

  • Heidi Røssland Heidi Røssland støttet 500 kr

  • Anonym Anonym støttet 250 kr